[ til hovudsida ]
3

Tor Martin Brekkeflat sine sider på verdsveven

år gamal og kjem frå Sogndal. Her budde eg til eg var ferdig på vidaregåande. Då flytta eg til Hamar for å gå på Toneheim Folkehøgskule. Eit år med musikk og sprell gjekk fort. Plutseleg var alt over, og eg skulle i militæret. Etter eit så bra år som eg hadde på Toneheim, burde det meste bli ein nedtur. Men nei, eg hadde den beste tenesta ein kan tenkje seg som brannmann på Evjemoen.

No for tida held eg meg i Trondheim. Eg studerer datateknikk, og om eit par år skulle eg vere sivilingeniør. Her bur eg saman med kjærasten min, Anja, i det vesle, raude huset vårt på Møllenberg. Eg trur ikkje me blir verande i by'n, men Trondheim er ein fin by å studere i.

Men ein må jo gjere andre ting enn å studere òg. Ein hobby eg alltid har hatt lyst til å drive med, er flyging. Eg melde meg inn i NTH Flyklubb då eg flytta til Trondheim, og har brukt utallige helger på flyplass. Flyging er heilt konge!

Musikk er ein annan viktig hobby for meg. Eg spelar saksofon, spelar i eit par band, har gjort det så lenge eg kan hugse og har ingen planar om å halde opp med det. I tillegg til å spele, instruerer eg litt. Eg har jobba med både aspirant- og skulekorps, og jobbar no som vikarlærar på musikkskulen i Trondheim.
Og så kan ein vel seie at eg er litt arveleg belasta med fotballinteresse. Eg prøver å få tid til å sparke fotball eit par gonger i veka. Arveleg belasta med interesse er ikkje nødvendigvis det same som arveleg belasta med talent, men det er heller ikkje poenget. Eg spelar fotball berre for moro, men må få seie at fotball er og blir ein kongesport.

I tillegg har Anja og eg ein hund, Ramses, som tek ein del tid og oppmerksomheit. Og av andre interesser, kan eg nemne at eg er politisk interessert og engasjert (så mykje det blir tid til) i Høgre / HSFT.

Heilt til slutt kan eg nemne at eg er medeigar i, og skriv for audiophile.no, og er meideigar i og dagleg leiar for Rubusoft DA.
Dette er altså kjærasten min (ute på flytur med meg i baksetet...). Anja og eg bur i lag i det vesle, raude huset vårt på Møllenberg i Trondheim.

år og kjem frå Stavanger. Ho har studert i Trondheim sidan hausten 1998, har hovudfag i nordisk litteratur, og jobbar no i Olavshallen her i by'n.

Musikk og flyging er ikkje berre mine, men òg mellom Anja sine viktigaste hobbyar. Me traff kvarandre første gong i NTH Flyklubb og me har begge gått på Toneheim Folkehøgskule på Hamar (sjølv om Anja gjekk to år før meg).

I tillegg til å spele trompet og piano, har Anja drive mykje med instruksjon. Ho har m.a. dirigert Bispehaugen Skolekorps ("Småbispan") her i Trondheim i 3 1/2 år.
Sogndal er ei bygd i indre Sogn. Med 6-7000 inbyggarar er Sogndal eit av dei største sentera i Sogn og Fjordane. I tillegg til dei innfødde bur over 2000 studentar her mesteparten av året. På grunn av det store delen studentar får bygda eit ganske ungdomeleg preg. I tillegg til å vere eit studiesenter, er Sogndal det største handelssenteret i Sogn. Folk flest kjenner vel Sogndal for fotballaget, Gjest Baardsen og kanskje også Lerum Konserves.


Trudvang Skule
Sogndal Ungdomsskule
Sogndal Vidaregåande Skule
Høgskulen i Sogn og Fjordane

Dei Heibergske Samlingar
Fjordinfo
Fylkesarkivet Sogn og Fjordane
Indre Sogn Sparebank
Kjeringi Open
Lerum Fabrikker
Lurkarlaget
Kontorteknikk
Norway Fjorcruise
NRK Sogn og Fjordane
Olav Stedje Fanklubb
Reklamebyrået A til Å Sogndal AS
Planteforsk avd. Njøs
SIL Fotball
Sogn Avis
Sogn og Fjordane nett no
Sogn Skisenter
Sognahallen
Sogndal Bibliotek
Sogndal Folkehøgskule
Sogndal IL - Fanklubb side
Sogndal Kommune
Sogndal Musikkskule
- Sogndalsportalen -
Sogningen Storsenter
Sognefjord Hotel
Sparebanken Sogn og Fjordane
Studentsamfunnet i Sogndal
Vatlestad Kulturformidling
Vest Internett - Hovudside
Vesterland Feriepark
Vestlandsforskning
ulcus molle Kjensfolk på nettet:
Marius Slinde
Frank Fardal
Runar Lyngset
Gunnar Husabø
Stian Gårdsvoll
Roy Veshovda
Mario Aparicio
Rune Andresen
Runar W. Hjønnevåg
Mine føretak:
Rubusoft
Audiophile

Foreningar:
Dyrvedalen langflygarlaug
NTH Flyklubb
Studentorchesteret dei Taktlause
BMW Carclub Norway
NTNUI
Den norske turistforening
Fanklubben Heia Bortelaget av Lerkendal
Abakus
Høgre | HSFT
Europeisk Ungdom

Søkjemotorar:
Google
Ask Jeeves
Altavista
Kvasir
Aviser:
Dagbladet
VG
Aftenposten
Dagens Næringsliv
Sogn Avis
Firda
Bergens Tidende
Stavanger Aftenblad
Adresseavisen
Under Dusken
readme
aviskiosken

Fjernsyn:
NRK
TV2
TV3
BBC
CNN
Eurosport
Flyging:
NAK
Flysiden
RAF Recruitment
Axls Planes Gallery
Sterling
SAS
Braathens
Wideröe

Skular:
Sogndal VGS
Toneheim Folkehøgskule
NTNU
Humor:
Hassan
Gjerrigknark.com
Herregud.com
Darwin Awards
Twistedhumor.com
Tullingtoppen
Skrattnet.com
Humor og kanari

Ymse:
Harry Potter
Asterix
Disney
Kinderegg
IWantOneOfThose.com
Oakley
Ralissas Amazing Admiral - høyrest ikkje det fint ut? Vel, han er iallfall fin, sjølv om han ikkje lyd det namnet. Å seie Ramses virkar betre. Då kjem han gallopperande for å finne ut om det skjer noko spanande eller om det kanskje er mat på gang...

Ramses er ein spretten liten Leonberger frå Ralissas kennel på Levanger. Han er to år (fødd 23. november 2002), litt tenåring, men mest kvalp i hovudet sitt... Nokon meiner at ein Leonberger på 65 kg er ein stor hund, men det er sjølvsagt ikkje sant.

Ramses tykkjer nesten ingenting er skummelt, og han har vore med overalt der me har vore, til og med i småfly! Han tek alt på strak arm (eller pote...?) og er alltid venleg.

Det kjekkaste Ramses veit er å få vere med på tur, springe og leike og helst springe og leike med ein annan hund. Desse fire bileta er tekne vinteren/våren 2003. Han er litt større no.

Eg driv altså og spelar litt sax innimellom. Eg har gått på musikkskule sidan eg gjekk i første klasse på barneskulen, og eg har alltid villa spele saksofon. I 1998/1999 gjekk eg på Toneheim Folkehøgskule på Hamar, og det kan eg anbefale til alle som er interesserte i musikk.

For tida spelar eg i to band her i Trondheim, eit soul- og eit funkband i tillegg til det meget seriøse Studentorchesteret Dei Taktlause. Eg har òg vore med BUK (Bispehaugen Ungdomskorps, Trondheim) på NM (2003), og eg er med Sogndal Musikklag i konkurransar og andre arrangement.

Eg har vore interessert i bilar så lenge eg kan hugse. Det starta sjølvsagt med leikebilar og bilbaner då eg var liten. Eg har alltid visst kva eg har likt (og kva eg ikkje har likt). Alt som er dyrt og går fort vekkjer sjølvsagt interesse, men det er BMW som er tingen.

Min første bil var då òg ein BMW. Eg kjøpte ein 325i i 1999, han heitte Bjarne Beamer, og han var som ein draum: Heilt strøken, med krefter til overs og som på skinner på vegen.

Etter Bjarne vil enkelte kanskje seie eg gjekk ned eit par hakk, men Enzo (min kjære, vesle Fiat) var som ein ulv i fårikål. Han var eigentleg ein Ferrari, skjønar du, faktisk noko så sjeldan som ein Ferrari med 45 hestekrefter! Han såg kanskje liten og beskjeden ut, men han gjorde jobben, brukte lite bensin og var billeg å forsikre. Han var altså ein heilt grei studentbil.

Enzo er no blitt pensjonist, og no står atter ein BMW på tunet. Balder ein ein 520i Touring, med plass til både bagasje og Leonberger, og han har akkurat passeleg mykje krefter. Balder er på same måte som Bjarne var, herleg å køyre, sjølv om han ikkje er ein racerbil...

Og frå og med sommaren 2001 har eg hatt æra av å kalle meg bilsamlar. Eg er faktisk eigar av to bilar pr. i dag, eller iallfall 1 1/2... Leif Olstad og eg har kjøpt ein VW 1500 (Boble) som me har lagt ned ein del arbeid og pengar i å gjere så pen som mogeleg. Bobla heiter (sjølvsagt) Ferdinand, er frå 1967, har originale skinnseter og er kul som berre det...!

Kan du tenkje deg noko betre enn å sveve høgt over bakken, lydlaust og elegant, nærast som ein fugl? Seglflyging er alt motorflyging er, mykje meir faktisk, men utan all støyen. Seglflyging er mykje billegare enn motorflyging, i og med at ein berre nyttar motorkraft til å kome seg eit par hundre meter over bakken. Seglflyging er mykje meir krevande enn motorflyging, då all oppdrift må finnast og utnyttast. Og seglflygarar er generelt trygge pilotar, då ein alltid flyg slik at ein har landingsmogelegheiter innan rekkevidde.

Eg har som sagt alltid vore fascinert av flyging, men det var først då eg flytta til Trondheim at sjansen var til stades. Eg melde meg inn i NTH Flyklubb og var (sjølvsagt) hekta frå første stund. Det var òg i flyklubben eg traff Anja, og det er nok sunt at me deler flyinteressa når såpass mykje av fritida går med til flyging...

Når eg no sit med sertifikat for segfly (også med motor!) og ikkje motorfly, er ikkje grunnen nokon annan enn pengar. Eg har lyst til å ta motorflylappen (PPL-A) og kjem nok til å gjere det i løpet av nokre år. Men motorflyging vil altså kome i tillegg til seglflyging, ikkje i staden for.

Trondheim er ein fin by. Det var iallfall det eg trudde før eg flytta hit. Neidå, eg trivst godt her, eg. Det er berre det at ein merkar ein er lengre nord enn det som er tilrådeleg. Det er langt heim, "vinteren" (d.v.s. søle-/sørpeveret) kjem tidleg, våren kjem seint og det er mørkt her store delar av studietida.

Men som studentby er Trondheim absolutt mellom dei beste. Talet på studentar er stort og studiemiljøet er både kompakt og godt. Eg har likevel altså ingen planar om å blir buande her etter eg er ferdig utdanna.

Då eg flytta hit, fekk eg meg ein hybelleiligheit i Tidemandsgate på Singsaker. Plasseringa var genial (berre eit minutt eller så gange til skulen), eg hadde god plass, eige kjøken og bad og eigen inngang.

Men etter to år flytta eg saman med Anja. Då ho allereie hadde kjøpt seg leiligheit i Møllenberg, var det ikkje så vanskeleg å bestemme seg for kvar ein skulle bu.

Så her bur me altså, nederst i Nonnegata, rett ved Solsiden og med kort veg til både sentrum og Festningsparken (hjelp, dette høyrdes ut som ei boligannonse!). Nei, men me trivst godt her, og eg synest eigentleg det er bra at eg har att eit par år att å studere i Trondheim...

Kan nokon fortelje meg kvifor eg har ei side om Stavanger på heimesidene mine...? Jau, eg hugsar det visst no. Anja og eg har nemleg eit hus i Stavanger. Me har ingen planar om å flytte frå Trondheim med det første, men når me er ferdige med studia, er Stavanger ein av fleire aktuelle stadar å busetje seg. Inntil vidare leiger me huset ut.

Huset er halvparten av ein vertikaltdelt tomannsbustad, og ligg i Egelandsveien på Storhaug. http://rubusoft.no/oss.htm